Dagbok

28 februar 2010

Det skjer stadig ting på agilityfronten. Eg og Nero trenar stort sett kvar veke og treninga gjer framskritt.

I helga hadde vi kurs med Ragnvald Tollefsen. Han kjem frå Tromsø og har trena med hundar i fleire år. P.d.d. har han sin Ajra i klasse 3.

No er vi berre 4 som trenar konkurranseretta i brukshundklubben, og Tone og Ellen som har trena i fleire år er i klasse 3. Eg og Maylen er berre nybegynnarar og har ikkje konkurrert endå. Helga var nok lagt mest til rette for Tone og Ellen som  har komt såpass langt. På lørdag satt vi opp ei bana som er for dei som konkurrerar i klasse 3 for å få eit innblikk i korleis ei slik bane kan sjå ut. Vi gjekk bana med kvarandre som hund og det var interessant å sjå korleis kvar enkelt valgde å løyse bana. Etterpå fekk vi trene på det vi følte vi mest behov for. Eg og Nero trena mykje på grunnsvingar og bakom-og foranbytter. På søndagen trena vi mest på å ha alle hundane ilag i hallen då vi trena. Dette var ei stor utfordring for oss då Nero har ein tendens til å ha mest interesse for det som er rundt, men plutselig så løsna det og vi fekk det så fint til
Så lenge han blei fora med godbitar heile tida så holdt han fokuset på meg, og det blei fart på sakene. No veit eg betre korleis eg skal jobbe med han for å få han til å halde fokuset på meg. Ellers fekk vi mange tips på starttrening og felttrening. Generelt mange gode tips som gjer det lettare å fortsette treninga framover. Frå og med i morgon skal vi byrje å trene frå 19.30-21.30 på mandagar. Eg tenkte eg skulle vere med på treninga i morgon og trene på noko av det vi har lært i dag



21 januar 2010

Vi er godt i gang med agilitytrening igjen  Til no har det vore lite folk på treningane. På mi gruppe er det berre meg og ei som heiter Maylen som er aktive, men i går var også Ellen og Tone med. Dei har trena agility lenge og var til god hjelp for meg og Maylen  Vi fekk mange gode tips og eg føler virkelig at vi er i gang no  Treningsdag er no blitt flytta til onsdag, og eg og Nero skal trene på dette til neste trening:

- Starttrening
- Fokus framover på bana og ikkje på meg

Foruten om dette tenker eg å bestille nybegynnersett i agility til heimetrening og Susan Garrett har vanvittig masse bra DVD`ar eg gjerne vil kjøpe

27 og 28 februar skal eg og Nero på agilitykurs med Ragnvald Tollefsen og vi ser veldig fram til det



13 september 2009

I helga var eg og Nero på nybegynnerkurs i agility med Salten Brukshundklubb.

På fredagen hadde vi litt teori hos Vanja som diska opp med brus og heimelaga kringle  Ein koselig kveld med blanding av teori og masse hundeprat

Lørdag blei vi 8 som hadde meldt oss på kurset delt i to grupper. Vi satt opp to baner, og alle hundane fekk bli kjent med og trygg på hinder, pølse, tunell, vippe, møne, hjul, slalom og bom. Eg og Nero har trena jevnt og trutt sidan mai, og han var berre redd vippa og litt usikker i slalomen og på hjulet på treningane. I løpet av helga har han blitt trygg på alt, mor sin flinke gutt  Vippa er han litt for rask på, og slalomen er lett å klusse litt i, men her skal vi trene, trene, trene  

Søndag satt vi opp forskjellige baner, og skulle ta fleire kombinasjonar på rad. Nero imponerte meg stort då han to gangar på rad fullførte ei heil bane uten stopp og tull! Det er gutten sin det  

Frå eg starta med agilitytreninga har eg hatt eit håp om å etter kvart trene konkurranseretta, men eg var veldig bestemt på at eg skulle sjå an korleis Nero likte denne hundesporten. Etter helga, og spesielt søndagen, ser eg at Nero storkosar seg og er veldig gira på bana. Dermed har eg no bestemt meg for å gå frå aktivitetsgruppa til dei som trenar meir konkurranseretta, så frå no av blir det trening ilag med dei kvar mandag frå kl. 18-20

Sjølv om Nero er lettlært og flott å jobbe med, så har vi sjølvsagt masse å jobbe med. Alt frå kontakt til drilling av hinder og fart. Kontakttreninga er vel den eg ser på som største utfordringa no, men vi har ikkje tenkt å gi opp  Eg håpar det kan bli litt lettare å trene på dette etter Nero har prøvd kjemisk kastrering.

Vi har fått ny treningsplass; krassletta bak flymuseet. Det var der vi hadde kurset no i helga og det var veldig ok å vere der  Håpar vi blir verande der fram til vi startar med vintertreninga i ridehallen på Hunstad



8 juli 2009

Eg og Nero var på kontakt/leik/belønningskurs 8 og 16 juli så no har vi gjennomført det Eg syntes det var veldig ok kurs, og fekk mulighet til å lære inn igjen klikkeren som vi trena så masse med før. Nero hugsa den fort igjen, så no brukar eg den alltid på trening og tur. Vi har trena jevnt og trutt på kontakt etter kurset og Nero er blitt veldig flink. Det har blitt lettare å få kontakt med han når vi møter hundar, så eg håpar det ikkje er alt for lenge til eg kan sleppe han heilt laus på agilitybana 11-13 september er det nybegynnerkurs i agility i Valnesfjord og dette har eg meldt meg på. Gledar meg veldig til det



27 juni 2009

Eg har satt meg på venteliste på nybegynnerkurs i agility og kurs i kontakt/leik og belønning Har nesten bestemt meg for å trene konkurranseretta agility med Nero så det blir spennande tider framover Det blir mest sannsynlig KLB-kurs i løpet av veke 28 eller 29, og kurs i agility kjem ein tilbake til når det er nok påmeldte.

Salten Brukshundklubb har fått midlertidig treningsplass bak sykestua til Bodin Leir Kjempegreier! Då er vi endelig i gang med treninga igjen. Eg skal foreløbig fortsette å trene med aktivitetsgruppa kver onsdag frå kl. 18-20



10 juni 2009

Vi har desverre fått beskjed frå Salten Brukshundklubb om at vi ikkje kan trene ved Bodin videregåande lenger. Vi ventar i spenning på ny plass vi kan trene i påvente på at det skal bli klart på Bestemorenga.



3 juni 2009

No har vi gått glipp av to aglitytreningar pga jobb og tur til Paris. Nero har kosa seg ei langhelg på Fauske hos "bestemor" og "bestefar" og ete seg lubben og god  Men i dag var vi altså på agility igjen. Det var stort sett berre tisper der denne gangen, og tydeligvis nokre som snart skulle ha løpetid for Nero var overhodet ikkje i treningsmodus! Han gjekk berre med snuten i grusen og vi fekk nesten ikkje til nokon ting. Det var litt skuffande, men vi trena heller litt då vi kom heim og det gjekk berre fint  Håpar på bedre lykke neste gang



13 mai 2009

Nero var veldig flink på agility i dag. Veldig ivrig så eg måtte roe han ned fleire gangar så det ikkje skulle gå for voldsomt for seg  Forrige gang var Nero litt skeptisk til tunellane, men denne gangen susa han igjen uten problem  Det er fortsatt ei utfordring å ha Nero laus, og eg ser fort på han når han helst berre vil springe bort til andre hundar. Når det blir satt opp kurs angåande agility til høsten skal vi definitiv melde oss på. Ein ting eg merkar stor forskjell på er at Nero er litt roligare ilag med masse hundar no. Han bjeffar ikkje, og er ganske lett å få kontakt med når vi går forbi dei andre hundane. Fint med all framgang



06 mai 2009

I dag starta eg og Nero med agilitytrening. Det blei masse fram og tilbake før vi endelig kunne melde oss opp til agilitytrening med aktivitetsgruppa kver onsdag. Foreløbig blir treninga ved Bodin videregåande på Mørkved frå kl. 18-20. Eg og Nero møtte opp kl. 18, og Nero var veldig gira då han skjønte at vi ikkje berre skulle på ein vanlig tur Brukte litt tid på å roe ned Nero i starten då vi blei ståande å vente litt på ho som skulle sette oss i gang med treninga. Nero var ganske stressa, men det er jo naturlig sidan han ikkje er så veldig vant til å vere med masse hundar på ein gang. Men då vi begynte å trene litt så blei Nero plutselig mest oppmerksom på meg Flinke gutten! Vi satt opp hinder på det lavaste trinnet, slalomløype, tunell og hjul. Nero var superflink på alt!  Litt forvirra i slalomløypa og litt skummelt første gangen i tunellen, men så gjekk det veldig fint Vi fekk skryt for at vi hadde god kontakt, og eg måtte skryte masse over Nero for han tar ting så lett!  Samtidig er eg obs på mange feil eg og Nero gjer i trening og eg skal fokusere mykje meir på kontakt, og det å vere med andre hundar og at han ikkje er så stressa. Eg gledar meg til å fortsette å trene agility, og håpar på meir konkurranseretta trening etter kvart No jobbar vi først og fremst med det å bli trygg på hindera og ikkje minst sosialiseringsbiten! Så får det andre komme gradvis  Vi ser fram til trening igjen neste onsdag

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

04.06 | 14:15

Eg er litt pyse når det er regn. Trivast best når det er sol og varmt. Du får komme på besøk i sommar og grille. Eg likar sånne aktivitetar.

...
02.06 | 23:52

Heisann, Nero. Endelig fikk jeg treffe deg. Litt synd at det var så vått på bakken at du syntes det var ekkelt å være ute. Skjønner jeg godt. Vi snakkes

...
13.03 | 13:10

Takk for det Solrun :) Eg er hos "bestemor" og "bestefar" på Fauske og kosar meg veldig der ;) Håpar du har det bra! :)

...
12.03 | 19:58

Heia Nero :) hehe :D lenge sia sist...ha ei fin helg :)

...
Du liker denne siden