Invitasjon

120 års jubileum Sellevåg treskofabrikk

Sundag 1.september 2019 kl 13-16 

Omvisning, Film, Handverksdemonstrasjon og Strileunderhaldning med utandørs konsert med Claus Sellevoll - «Ta på deg triskona og spring»

Adr: Brandangervegen 361.

Arrangør: Magne Sellevåg / Sellevåg Treskofabrikk

Det vert omvisning med demonstrasjon av treskoproduksjon med dei ulike vassdrivne treskomaskinene i drift. Filmframsyning om treskofabrikken. Vi avslutter jubileumsdagen med ord for dagen og strileunderhaldning kl 1515.

Kl 1515 Jubileumstale ved Hallvard Oppedal, ordførar Gulen kommune

Kl 1530 Utandørsminikonsert med Claus Sellevoll og Harald Dahlstrøm - Ta på deg triskona og spring 

Strileunderhaldning med Claus Sellevoll og den anerkjende pianisten Harald Dahlstrøm.  På tømmeropptrekket til treskofabrikken vil dei by på utdrag frå forestillingane «Singel og Sand» og «Ivar Medaas - Dar kjem Dampen».
Lydteknikk ved Trond Einar Sørensen.

Claus Sellevoll er artist og skodespelar frå Alversund. Han bur i Bergen og livnærer seg som tekstforfattar, artist og skodespelar. I 2014 og 2015 hadde Claus Sellevoll stor suksess med kabareten Ivar Medaas – Dar kjem dampen. I 2016 var Claus skodespelar og tekstforfattar for strilemusikalen » Singel & Sand – Da ska bli andre boller » på Hordaland Teater.

Billettpris vaksen/honnør: kr 150. Barn under 16 år: kr 50. Familiebillett 2 vaksne + 3 barn: kr 300.
Billettar for sal i døra: Vipps og kontant.

Håpar å sjå dykk alle på jubileumsdagen


Historikk:
Det heile starta i 1899 med bergenserne John O. Kahrs og Christian Fredrik Holberg Arentz. Det året stifta dei Bergens Træskofabrik Ltd med kontor i Komediebakken i Bergen og fabrikk i Sellevåg. Kahrs var teknisk leder og Arentz var bestyrer. Dei kjøpte då eit jordstykke frå gården Sellevåg, samt retten til å bruke vannkraften i fossen og vannrettane frå Selevågvatnet. Jordstykket og vannrettane kjøpte dei frå Endre Torkjellsson, oldefaren til Magne Sellevåg. Torkjellsson starta mølledrift i Sellevåg i 1870.
 
Sellevåg treskofabrikk produserte tresko frå 1899 til 1972. Frå 1952 var også sagbruk ei viktig brikke i produksjonslinja. Då noverande eigar Magne Sellevåg pensjonerte seg i 2000, vart også sagbruket lagt ned. Då hadde saga kvint i 101 år. Fabrikken har sidan 1994 vore eitt av dei utvalde teknisk-industrielle anlegga som har fått stønad frå Riksantikvaren til restaurering og istandsetjing.  Frå 2012 har fabrikken vore på Riksantikvaren si liste over freda teknisk-industrielle kulturminner. Fabrikken er intakt, med demning, røyrgate, maskiner og reimer. Fabrikken feirer 120 års jubileum 1.september 2019.

Velkommen til jubileumsmarkering ved treskofabrikken.

Venleg helsing
Magne Sellevåg
 

Sjå www.123hjemmeside.no/treskofabrikk

For privat omvisning: Ta kontakt på telefon 577 83 659 eller 909 82 235 for avtale.

Velkommen 🙂
Kommer du?

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

14.06 | 14:40

Var en tur innom fabrikken og fikk en demonstrasjon. Helt fantastisk hva de fikk til uten strøm, men med bare vannkraft. Rene skjære Reodor Felgen fabrikk.

...
17.05 | 13:52

Treng eit par tresko st.44,med "svung" i tåa. Svarte på utsida,til arbeid. Kan de senda dei?

...
09.06 | 11:11

Kan en kjøpe et par tresko, type Stril, de skal brukes til dekorasjon

...
02.11 | 10:13

Hvordan har et slikt anlegg klart å overleve urørt i de 40 årene som har gått i fra bedriften pakket sammen og frem til det ble fredet? Utrolig!

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE