Sellevåg treskofabrikk

I ei bukt ved Brandangersundet ligg framleis den gamle bygningen som ein gong husa ein treskofabrikk. Inne står maskinar og utstyr intakt som om arbeidsfolket berre skulle ha teke middagspause.

Treskoa vart uthola maskinelt.

Det var fossen like ovanfor som gav drivkraft til treskofabrikken. I 1870 kjøpte Endre Torkjellsson, oldefar til Magne Sellevåg, garden Sellevåg og starta mølledrift under fossen. Mølla dreiv han til 1899.

I 1899 kjøpte bergenserne John O. Kahrs og Christian Fredrik Holberg Arentz et jordstykke frå garden Sellevåg, samt retten til å bruke vannkraften i fossen og vannrettene frå Selevågvatnet. Det året stiftet de Bergens Træskofabrik Ltd med kontor i Komediebakken i Bergen og fabrikk i Sellevåg. Kahrs var teknisk leder og Arentz var bestyrer. 

Det var mange gode grunnar til å legge treskofabrikken til Sellevåg. Elva frå Sellevågsvatn var ei rimeleg stabil og god energi-kjelde, frå skogane i Indre Sogn gjekk det også jekter med tremateriale ut fjorden, - så transport av råvarer og ferdige produkt var ikkjenoko problem. Vegen sør til Bergen var heller ikkje lang, og i Bergen var det stor marknad for tresko kring hundreårsskiftet.

60.000 i året

Fabrikken framstilte to treskomodellar: Strilemodellen og Sognemodellen - den siste litt breiare enn den første og med meir «svung» i tåa. Dei fire dreiemaskinane hadde kapasitet til 25 par i timen: Treskoa vart lakka før dei vart lagra på loftet. Under 2. verdskrig, då etterspørselen etter tresko var på topp, kunne fabrikken produsere kring 60.000 par i året.

Sønene i fabrikkjobb

Tre av sønene til møllaren Endre Torkjellson tok seg arbeid på fabrikken. Ein av dei heitte Torkjell Olai. Han vart arbeidsformann på treskofabrikken i 38 år og dreiv i tillegg landhandel på Sæternes frå 1927 til 1943. Ein av sønene til Torkjell Olai Sellevåg, Joakim T. Sellevåg, arbeidde også på treskofabrikken og kjøpte den i 1952.
 
Frå 1952 vart vanleg sagbruksdrift ein viktig del av produksjonen. Fabrikkbygningen vart då utvida. Med unntak av utvidinga i 1952 har fabrikken gjennomgått få endringar og maskinene og alt teknisk utstyr for produksjon av tresko, samt alt teknisk utstyr for å drive maskinene står framleis på sin opphavlege stad.

Dette gjev fabrikken ei høg grad av autentisitet som det er viktig å bevare for framtida. I ”Verneplan for tekniske og industrielle kulturminner” (1994) er Sellevåg Treskofabrikk teke med som eit eksempel på småskala industri frå byjinga av 1900-talet.

Heilskapen i anlegget og den høge grad av autentisitet det har gjer at Sogn og Fjordane fylkeskommune vurderer anlegget til å vere eit kulturminne av nasjonalinteresse og har av den grunn starta fredingssak. Føremålet med fredinga er å bevare Sellevåg Treskofabrikk som eit heilskapleg anlegg for småskala industri frå byrjinga av 1900-talet.

Øyvind Bjotveit 17.05.2017 11:52

Treng eit par tresko st.44,med "svung" i tåa. Svarte på utsida,til arbeid. Kan de senda dei?

Per Kåre Paulsen 09.06.2013 09:11

Kan en kjøpe et par tresko, type Stril, de skal brukes til dekorasjon

Kjartan Kvernsveen 02.11.2012 09:13

Hvordan har et slikt anlegg klart å overleve urørt i de 40 årene som har gått i fra bedriften pakket sammen og frem til det ble fredet? Utrolig!

| Svar

Nyeste kommentarer

14.06 | 12:40

Var en tur innom fabrikken og fikk en demonstrasjon. Helt fantastisk hva de fikk til uten strøm, men med bare vannkraft. Rene skjære Reodor Felgen fabrikk.

17.05 | 11:52

Treng eit par tresko st.44,med "svung" i tåa. Svarte på utsida,til arbeid. Kan de senda dei?

09.06 | 09:11

Kan en kjøpe et par tresko, type Stril, de skal brukes til dekorasjon

02.11 | 09:13